Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 8, 2022
Torsk (Gadus morhua) er ein saltvassfisk i torskefamilien. Han lever i delar av det nordlege Atlanterhavet, i Polhavet og i Austersjøen. Torsken er hovudsakleg ein botnfisk, men større fiskar lever òg i dei frie vassmassane. Ein skil mellom to hovudtypar av torsk: den stadbundne kysttorsken som lever ved botnen på grunt vatn langs kysten, og den vandrande norsk-arktiske torsken som har oppvekstområde i Barentshavet og seinare kjem til norskekysten som gytemoden torsk, mest kjend som skrei.
Torsken er ein av dei viktigaste matfiskane og har stor økonomisk verdi for fiskeindustrien. Mange av samfunna langs kysten mot Nord-Atlanteren har vakse fram som følgje av tilgangen på torsk. Fleire torskestammar er i dag truga av overfiske, særleg i Vest-Atlanteren og i Austersjøen. Torsk er rekna som ein verdifull ressurs, og det har vore internasjonale konfliktar om tilgangen på å fiska torsk. Les meir …