Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 5, 2013
Utseende
![Venstre skulderblad. Ved stopp er det sett bakfrå.](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2e/Left_scapula_-_close-up_-_animation_-_stop_at_posterior_surface.gif/120px-Left_scapula_-_close-up_-_animation_-_stop_at_posterior_surface.gif)
Skulderbladet (latin scapula), er ein knokkel i det menneskelege skjelettet som bind saman skjelettet i overkroppen med armane. Dei to skulderblada ligg på ryggsida av brystkassa og er tynne, flate og uregelbunde trekanta i forma. Det dannar ledd mot kragebeinet, clavicula, og overarmsbeinet, humerus, og saman med kragebeina så utgjer skulderblada skulderbogen.
Dei i alt seksten musklane som festar på skulderbladet sine to ytterflater gjer skuldra til den mest rørlige leddet i menneskekroppen.
Skulderbladet har to beinframspring, skulderhøgda, og ramnenebbet. Begge desse går ventralt og tener som utspring og festar for ymse musklar. Les meir …