Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2021
Glass Spider-turneen var ein verdsturné av den engelske musikaren David Bowie i 1987 etter at han gav ut albumet Never Let Me Down. Turneen byrja i mai 1987 og vart marknadsført av ein to veker lang presseturné der Bowie vitja ni land gjennom Europa og Nord-Amerika. Glass Spider-turneen var den første Bowie-turneen som vitja Austerrike, Italia, Spania, Irland og Wales. Turneen var den lengste og dyraste turneen til Bowie til då. På den tida vart dei omfattande kulissane nytta under turneen kalla «det største turnésettet nokon gong».
Bowie ønskte at turneen skulle vere eit teatralsk show, og inkluderte talte monologar til somme av songane, vignettar og visuelle knep som projiserte videoar, teatralsk lyssetting og kulissar. På scenen hadde Bowie med seg gitaristen Peter Frampton og ein trupp på fem dansarar koreografert av den mangeårige samarbeidspartnaren Toni Basil. Med temaet «Rockestjerner kontra røyndom», vart showet delt inn i to akter og eit ekstranummer. Les meir …