Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 31, 2021
Innuendo er det fjortande studioalbumet til det britiske rockebandet Queen. Det kom ut i 1991 og var det siste studioalbumet deira som vart gjeve ut medan Freddie Mercury levde og det siste med berre nye songar. Stilmessig var Innuendo eit slags steg attende til røtene til Queen, med ein hardare rockelåt, komplekse musikalske komposisjonar (tittelsporet), psykedeliske effektar («I'm Going Slightly Mad»), og mektig røyst frå Mercury over fire oktavar.
Bandet og produsentane prøvde å få albumet ut i november eller desember, i tid til julesalet, men den dårlege helsa til Mercury gjorde at det ikkje kom ut før i februar 1991. Albumet nådde toppen av albumlista i Storbritannia (to veker), Nederland (fire veker), Tyskland (seks veker), Sveits (åtte veker) og Italia (tre veker). Det vart gjeve ut i USA dagen etter det kom ut i Storbritannia. Det var det første albumet til Queen som selde til gullplate i USA sidan The Works i 1984. Ni månader etter albumet kom ut, døydde Mercury av lungebetennelse tilknytt AIDS. Les meir …