Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 24, 2012
Utseende
![Dei fire tonane i standard mandarin. Tala frå 1 til 5 representerer ulike tonehøgder, med 1 som den lågaste og 5 den høgaste.](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/58/Pinyin_Tone_Chart.svg/langnb-106px-Pinyin_Tone_Chart.svg.png)
Tonespråk er språk der informasjon om tone er ein del av den leksikalske representasjonen ved i det minste nokre leksem eller realiseringa av i det minste nokre grammatiske trekk. Det blant anna skandinaviske fenomenet tonelag minnar om tone, men skil seg frå tone ved berre å vere realisert i trykksterke stavingar, der tone blir realisert både i trykksterk og trykksvak posisjon.
Mandarin er eit døme på tonespråk, og språket har fire ulike leksikalske tonar. Orda for «mor», «hamp», «hest» og «skjenne» er etter pinyin-transkripsjon mā, má, mǎ og mà. Les meir …