Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 22, 2022
The Who er eit engelsk rockeband som vart starta i 1964. Besetninga bestod av gitarist Pete Townshend, vokalist Roger Daltrey, bassist John Entwistle og trommeslagar Keith Moon. Dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1990, det første året dei hadde høvet til dette. I følgje New York Times har The Who selt over 100 millionar plater. The Who vart kjende for dei energiske konsertane sine, og som dei første som øydela instrumenta sine på scenen. Gruppa hadde ei rekkje Topp 10-singlar, mellom andre «My Generation», og Topp 5-album.
Moon døydde i 1978, og etter dette har bandet gjeve ut to studioalbum med trommeslagaren Kenney Jones, før dei gav seg i 1983. Dei kom saman igjen for hendingar som Live Aid og for ein gjenforeiningsturné i 1989 og Quadrophenia-turneen i 1996 og 1997. I 2000 vart det lagt planar om eit nytt studioalbum, men planane vart utsette då Entwistle døydde i 2002. Townshend og Daltrey gav seg ikkje med The Who, og i 2006 kom studioalbumet Endless Wire. Les meir …