Peder Andersen
Oversettelse pågår: Denne artikkelen er under oversettelse. Den kan derfor delvis være på et fremmed språk. Se redigeringshistorikken for detaljer. |
Peder Andersen | |||
---|---|---|---|
Født | 1. okt. 1813[1]![]() Bardu kommune | ||
Død | 29. mars 1873[1]![]() Christiania | ||
Beskjeftigelse | Politiker, bonde ![]() | ||
Embete |
| ||
Nasjonalitet | Norge |
Peder Andersen (1813–1873) var ein norsk lærar, gardbrukar, emissær og stortingsmann frå Bardu i Troms.
Andersen var son av ein gardbrukar i Bardu. Han gjekk aldri på skule i barneåra, lesing og rekning lærde han seg heime. Dei fyrste øvingane i skriving og rekning skal ha foregått med kol på høvla trestykke. Han vart lærar og frå 1847 gardbrukar på Moen i Bardu.
Andersen var den fyrste ordføraren i Bardu og elles med i forlikskommisjonen. Om vintrane reiste han fleire år som emissær for indremisjonen og for heidningmisjonen. Nokre vintrar under lofotfisket var han styrar av forsamlingshuset på Kalle i Lofoten.
Både for 1868-69 og 1871-73 var han 2. representant frå Tromsø amt på Stortinget. Heile tida var han medlem av budsjettkomiteen. Andersen døydde i 1873 under stortingsopphaldet i Christiania.
Kjelder
[rediger | rediger kilde]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- (no) Biografisk informasjon om Peder Andersen i PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør