Diskusjon:Legende
Kategorisering av segn og legende på norsk
[rediger kilde]Her er det feil i kategoriseringa i den norske versjonen av Wikipedia. På engelsk er legend både det vi på norsk kallar segn / sagn og det vi kallar legende. Dette er ikkje det same på norsk, så segn / sagn og legende bør ha ulike artiklar i norsk Wikipedia. Samtidig bør artiklane om segn og sagn ha lenkje til legend i engelsk Wikipedia. I dag har dei ikkje det, så den som no lurer på kva engelsk legend heiter på norsk og prøver å finne ut det vi legend på Wikipedia, vil berre få halve sanninga, nemleg at det heiter legende på norsk. Dei som lurer på kva norsk segn / sagn heiter på engelsk, kjem til ein blindveg. Eg kan altfor lite om Wikipedia-koding til å endre noko av dette sjølv. Her er definisjonane i Det norske akademis ordbok: Legende: «1. religiøst oppbyggelig, moraliserende fortelling om eller fra en helgens liv…. 2. fantastisk, utrolig forteljing». Sagn: «særlig folkloristikk, litteraturvitenskap | kort fortelling (oppfattet som sann) fra eldre tid, overlevert i muntlig form fra generasjon til generasjon». Segna høyrer altså til heimleg, munnleg nedarva folkeleg tradisjon, medan legenda høyrer til den lærde, religiøse sfæren og / eller fjerne himmelstrøk. Ofte går dét ut på eitt, fordi mange legender handlar om helgenar i urkristen tid i Middelhavs-landa. Eldar Heide (diskusjon) Eldar Heide (diskusjon) 27. sep. 2024 kl. 17:29 (CEST)